Frå 78-plater til Spotify

I vår oppvekst hadde vi ikkje stereoanlegg slik vi har idag. Vi hadde radio. Det var enten små reiseradioar av merke kurér, eller store flotte maskiner med mykje skrift og lange flyttbare piler. Bestemor mi hadde en liten kurer på setra. Denne hadde sine nykker. Den lot seg påvirke av vær og uvær.

Heime hadde vi ein liknande som vi tok med oss på ferie til Trøndelagen kvar sommar. Om kvelden stilte vi den inn på mellombølga og tok inn utlandet. Av ein eller annan grunn måtte det være mørkt før vi fekk inn sendingar fra andre land. Det var utruleg spanande.

Radioen heime var stor, med et lite vindauge i nederste hjørne. Da vi var småe, trudde vi at det var der hallodama budde.   Motala og Kiev og Odessa er navn som vi berre kjende frå framsida på radioen. Av og til tok radiobølgene uventa baner. På tidleg syttital og utover, kom det propaganda frå aust, da nærmare bestemt Sovjet, og slo seg inn på norske sendingar! Det fekk ulike konsekvensar!

Tanta vår hadde eit hammondorgel som plutselig midt under en søndagsteika, og skremte livet av dei rundt bordet, tok til å prate russisk! Det var radio Moskva sine bølger som hadde funne vegen heilt inn til Lismarka!

Vi hadde alle platespelarar. Dei tok både små og store plater. Dei gjekk på hastigheit 33 og 45. Den stilte du inn på sida av spelaren. Det fantest og noko som hette 78-plater. Dei var få og som regel gamle. I tillegg var de steintunge og mye tjukkare enn dei andre.

Vi hadde ei plate av en lokal kunstner. Han  hadde skrive tekst og sunge inn ei lovprisning til grenda si. Denne var innspela for eigen kostnad, og med sjølspela trekkspelakkkompagnement til! Og det med ei sjelda innleving, det skal han ha! Men nokon tonekunstnar var han ikkje og det noko uheldige valg av tonefølge til ”Ja vi elsker Bråtågrenda” , resulterte i en bot  på  heile femti kroner. Ein stor sum dengangen.  Han valgte tone i god tru, korleis kunne han veta at det var straffbart og skrive om teksten på ”ja vi elsker”?

De  fyrste platene eg hugsar, var stort sett barnesanger. Barnesangplatene var blanding av musikk og eventyr. Karius og Baktus var gul på farge, og fin. Men veldig, veldig trist. Hensikten var sikkert god, men for oss som levde oss sterkt inn i historien, vart tannpussen en nærmest morderisk handling. Og så hugsar eg og plata om bakeren som sat død midt i ein haug med wienerbrød. Han tok frå oss nattesøvnen!

Vi hadde også ei stor platesamling fra det Beste. Denne var bestilt på postordre, og inneheldt alt fra noko snodig som dei kalla fox-trot til Sousa-marsjer og amerikanske folkesanger.

Vi trudde at fox-trot hadde med rever å gjøre, heilt til ein kveld mor og far satte på plata og heldt danseoppvisning for oss. Vi visste vel ikkje at dei var slike kløpperar til å svinge seg. Mazurka, reinlender  og vals ja, det hadde vi sett. Men dette likna jo ikkje noko av dette. Seinare varta dei opp med både tango og firkantvals!

Sousamarsjene kjende vi godt til. Mor var korpsdirigent, og brukte denne plata til å trene seg på.  Vanligvis var ho vâr for altfor høg musikk, men med marsjer, kunne det ikkje bli høgt nok. Ho vart iallefall aleine i huset etter et par-tre marsjar.

I tillegg til radioen og platespelaren, fanst det båndopptakarar. Dei gamle frå Tandberg med store ruller på, og en hendel som du kunne dreie i fire retningar.

Fyrste gongen vi såg ein slik ein, tvillingsøstra mi og eg, var på ein gebursdag hos tvillingane til Lensmannen. Av ein eller annan grunn var det så mange tvillingar i Lom, heile ti par på ein skole med  hundre og femti elever. Vi var til og med avbilda i Gudbrandsdølen alle saman.

Lensmannsfamilien hadde ikkje berre tvillinger, dei hadde og båndopptager.

Da vi kom springande oppglødde heim utpå ettermiddagen, høyrde foreldra våre at vi skreik i kapp ute i garden, før vi fekk opp døra:

–hørde døkk oss på radio`n i dag?

Så kom det mindre båndopptakarar. De var på storleik med ein reiseradio, og hadde, etter dagens mål, en utrolig stygg lydgjengiving.

Dessuten måtte den stå på en helt plan flate, hvis ikkje, spelte den falskt.  Om den ikkje var brukbar til noe anna, kunne du bruke den som vater!

Etterkvart kom det kassettspelarar. Det åpna ei ny verd for oss. Nå kunne vi ta opp direkte frå radioen uten at du høyrde at ho mor vaska opp eller at telefonen ringte midt i sangen.

Våre musikkinteresse tok andre vegar. Vi oppdaga moderne musikk. Brått vart det slutt på at våre foreldre og vi hadde samme smak. Men det er et annet kapittel. Det kjem ein annan gong.

God helg alle saman, og eg skal sanneleg logge meg inn på Spotify og høyre på nokre gamle Sousamarsjer og fox-trottar på mitt nye anlegg før helga startar!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s