Blindekveldar, slangar og Verdens Sterkeste Mann

Nokre gonger om året skjedde det spennande ting.  Det vart annonsert i god tid, på plakattavla i sentrum. Ei fin tavle med ei nydelege rame av treskurd.  Her sto det som var verd å nemne av det som skulle skje. Ungdomslaget hadde alltid eit eller anna, og kvar veke var det bygdekino.

Den fyrste filmen eg hugsar, var ein film som heitte «Livet i havet».  Det var mange fiskar der, og da det kom ein riktig stygging symjande forbi, vart tvillingsystera mi Torunn, heilt fælen. Det måtte vera den stygge fisken som lukta så vondt, så ho spurte, høgt og tydeleg;

–Du Fal (ho kunne ikkje seia R enda), æ detta lutfisk Fal?

Av og til kom det storfolk til bygda. Ikkje kven som helst, må veta.  «Verdens Sterkeste Mann» kom med jamne mellomrom. Han år spikar og bøygde spett og dro tau med fem menn! Han utfordra heile salen til å bryte håndbak, og det meldte seg alltid ein eller annan frå publikum. Eg kan ikkje hugse at nokon greide å ta han. Og det rare var at denne mannen var ikkje alltid den same fra år til år, likevel om han skulle vera verdens sterkaste!

Ein gong hadde denna karen med seg ein slange som han kveila rundt halsen, til skrekk og gru for folk i salen! Det heldt på å ende med ei katastrofe.   Slangen og Kjempen heldt hus i ei campinghytte på Fossberg turiststasjon.  Sjøl om slangen, eit dyr som har vekselvarme og som av den grunn og på ein hustrig norsk haustdag var heller dorsk og denne her var ikkje giftig,  skremte det nesten livet ut av ho som skulle vaske hytta.  Ho gjekk seg uforvarande på dyret som låg og sov under køyesenga.  Ho på si side, skremte nesten folka i Bergomsgarden like mykje med skrika sine, der ho kom springande opp mot Coopen som om ho hadde Styggen sjøl i hælane!

Eg på mi side, greide å skremme tre blinde på den årlege blindekvelden i Steinfjoset. Det var Engerdal, Stordal og Saus som reiste rundt og song og spelte både trekkspel og piano, og fortalte historier. Og så leste dei med fingrane, fingertuppane deira for over arket like fort som dei las! Men denne eine gongen, då eg skremde dei, var virkeleg noko eg hugsar godt.  Paus, pianisten av dei tre, spelte eit vakkert pianostykke, det var så fint at stemninga var nesten magisk, det var ei slik stemning der du kan høyre at ei knappnål fell… Men det var ikkje ei knappnål som for, det var eg som mista ein neve med tiøringar i golvet. Og dei skrell, det skal eg lova. Og dei blinde, her ved Engerdal, har som alle veit,  ein svært god hørsel. Kommentaren gløymer eg aldri, heller ikkje skammen:

–Det høres ut som vi har en velformuende blant oss som vil si noen ord.

Eg har aldri vore så taus, og sekunda har aldri vore lenger. Og skammen brende i kinna mine, eg vart så raud at eg nesten vart blå, sa systera mi. Og dei fekk aldri noko svar, tiøringane vart liggande til den som gjorde reint etterpå.

Og så var det basarar! Eg hadde vinnarlykke så det heldt. Eg vann fruktkorger og 30 egg, eg vann dokke med fullt utstyr og sjokoladekaker og tilogmed to kilo kaffe som eg enda ikkje var gammal nok til å drikke! Det gjekk bra heilt til ein gong ga bort ei heimstrikka babyjakke. Alle sa at eg ikkje måtte finne på å gi bort noko eg hadde vunne, for da mister ein vinnarlykka. Eg var overmodig, og trudde ikkje på det dei sa.

Det var siste gongen eg vann noko som helst!

Kall det overtru eller kall det uflaks, det skjedde ialllefall.  Så nå tenkte eg at før eg tek helg, skal eg gå på butikken og kjøpe meg eit par flax-lodd. Ein veit aldri, ein gong må vel lykka snu!

God helg til alle saman!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

4 svar til Blindekveldar, slangar og Verdens Sterkeste Mann

  1. Åse Bredesen sier:

    Kan det ha vært Anders Saus som var med Engerdal og Stordal? Han var også blind og spilte trekkspill. Stoedal spilte piano. Jeg koser meg med dine artige fortellinger. Åse Bredesen

  2. Trine Kristin Grøthe sier:

    Hyggelig å lese det du skriver. Jeg husker godt Stordal, Engerdal og Anders Saus var på Kvam bygdahus.
    Vennlig hilsen Trine Grøthe

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s