Pågåande selgarar og beskjedne kunder!

 

I min barndom var det mange selgarar. Det var fleire slag av dei. Nokre budde på hotellet og selde varer til butikkane. Mormor hadde ein inngrodd skepsis til slike. Bestillingsmenn, kalla ho dei. Dei hadde, ifølge ho, eit frynsete rykte.  og dei var farlege for damene. Dei verste var særleg dei som selde undertøy.  Dei andre selgarane derimot, dei som fôr på dørene, var visst heilt ufarlege.

Dei selde for det meste leksikon og støvsugarar. Og var ikkje lette å bli kvitt når dei først hadde greid å koma seg over dørstokken!

For oss som var oppvokse i Lom, og vane med at folk ikkje brukte store ord, var desse selgarane ganske rare. Dei tok ikkje eit nei for eit nei, og kunne vere ganske pågåande. Og alle  adjektiva som dei brukte! Fantastisk, flott og fenomenalt, det var ikkje måte på.  Og så kalla dei alle mødrene våre for «Frue».  Det var berre på film at ein høyrde slikt bli sagt.

Ein dag kom det ein slik ein til nabokjerringa. Han var av det mest pågåande slaget. Han hadde med seg ein miksmaster. Det var ikkje måte på korleis denne maskina kunne gjere. Den vart lovprist i høge og blomstrande ordelag. Det var nesten som om miksmasteren  vart levande framfor augo våre.

Og så sterk som denne maskina var. Han fortalde om ei hending i frå Oslo. Der var det ei dame som hadde kjøpt ein slik miksar.  Denne vedundermaskina hadde ramla ned frå femte etasje og rett i asfalten utan at den fekk godt som ei skramme! Den var spent like god.

Det var argumentet som avgjorde saken. Nabokjerringa vart ein miksmaster rikare, og fleire hundre kroner fattigare.

Dagen etter ramla miksaren ned frå ein kjøkenkrakk og landa på eit forholdsvis mjukt furugolv. Her gjekk den i tusen bitar.

Men da var selgaren over alle haugar!

Mor mi fekk ein dag besøk av ein annan selgar. Han skulle selge eit eittbinds leksikon, men vi hadde heldigvis eit nokså nytt cappelens eittbinds-leksikon å vise til, så han nådde ikkje fram.

Mor mi dreiv og lagde kjøttkaker i brun saus, og den gode lukta spreidde seg i huset.

Dette var ein bit utpå ettermiddagen, og ute var det mørkt og kaldt. Mannen var nok både svolten og kald, og same kva mor mi sa, så gjorde han ikkje mine til å gå. Han berre sto der. Da det var gått lenge utan at nokon sa noko, og mor mi skulle til å høfleg be han om å gå, vart det liv i mannen.

Han fekk så vondt i foten. Andletet vrei seg i alle retningar, han stønna og det var mest så tårene rann. Denne foten hadde i årevis plaga han med jamne mellomrom. Mor mi gjorde det beste for å trøste han. Ho ausa opp ein diger porsjon med kjøttkaker og ertestuing, som han åt opp. Da han hadde ete to slike porsjoner, sukka han tilfreds, og sa at viss han nå fekk legge seg litt nedpå sofaen med foten høgt, ville det gå betre. Han la seg ned, og like etter snorksov han så det dundra i stua. Da han vakna, reiste han seg og  trakka ned på foten . Jau no var den nesten god att. Han takka pent for seg, og gjekk haltande ut.

Nokre minutt seinare kom far min inn. Han hadde møtt selgaren borte på riksvegen, utanom vårt synsfelt. Mar mi fortalde om den stakkars mannen. Ho håpa at foten snart vart betre.

Far min såg på mor mi og lo forsiktig;

”Da kan e` fortelje de` at kuren din va` vellykka. Da e` møtte `n va` `n svært lett på foten. `N sprang i alle fall fort for å nå kveldsbussen åt Otta”!

Og med dette ynskjer eg alle ei god helg, og takkar Fjuken for den tilliten dei gjev meg gjennom og gjera meg og bloggen min til midtsidepike i Vintermagasinet!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s