«Sov Dem slank»… Eller kanskje ikkje?

Slankekurar

Midt på sekstitalet kom dei første slankekurane. Dei for som ei farsott over by og bygd. Det var helst kurar av eit slik slag der du åt berre ein ting over ganske lang tid. Ananaskuren gjorde sitt til at det enda lever folk blant oss som blir kvalme ved synet av ein ananasboks.

–Eg skal aldri ete ein ananasring meir i heil mitt liv, sa far min etter å ha prøvd ein slik kur. Og det utan resultat i tillegg! Så vidt eg trur, heldt han ord!

Det fantes og ein kur som gjekk ut på at du skulle drikke berre kvitvin. Sikkert triveleg den, men med atten mil til polet -ein veg, og når du i tillegg rekna med sladderet som ville gå, så var det ein ikkje gjenomførbar kur.

Det kom og annonser i vekeblada. ”Sov dem slank”, heitte det der.  Det var ein slags heil drakt, noko liknanade det vi i dag kallar onepiece. Den skulle gi ”varig vekttap”. Dei som bestilte denne pr postordere,  vart fortalt at dei skulle ha den  på seg om natta, og så «skulle kiloene bokstavelig talt renne av deg».

Det einaste som rant, var sveitten. Og nattesøvnen kunne du berre drøyme om.

Ei dame i Skjåk fann ut at drakta var eineståandes fin å bruke i fjøset. Du berre spyla deg på veg ut, og så var du like rein att. Den var vasstett.

Dei store omveltingane kom med Grethe Rohde.

Vi hadde ein lærar som vi var svært glade i. Ho sleit med kiloane, og vi var med henne heile vegen. Dette var lenge før nokon hadde høyrt talast om anorexia nervosa. Viss vi hadde høyrt namnet, hadde vi nok teke det for å være ein eksotisk blome.

Kvar tysdag var det Grethe Rohde-kveld. Kvar onsdag var vi like spente.

Kor mykje hadde ho gått ned denne veka?

Verst var det når ho hadde gått opp. Det forklarte ho med at;

–E` kom te´ å bite huggu tå ei lademus um laurdagskveill´n.

Men vi vart tilsvarande glade når vekta gjekk andre vegen.

Og dette vart og integrert i matematikk-undervisninga. Kilotapet kunne brukas både til brøk og prosentrekning! Og dei gramma om gjekk i pluss, kunne brukast i addisjon!

Og til mine lesarar, kos dykk i helga og ikkje tenk på kaloriane. Dei kan du spare på i veka, men ikkje i helga!

God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s