Måling av edlare delar og andre undersøkingar som er gått ut på dato!

I sekstiåra var dei store farlege sjukdomane frå før antibiotikaen si  tid enda i manns minne. Det bar helsetenesta preg av. I dag veit vel knapt nokon kva skjermbildefotografering er, dei trur vel at det er PC- eller TV-skjerm det er prat om.

Men dette var ikkje det, det ei ambulerande teneste som reiste rundt og gjennomlyste alle lunger i både by og bygd. Det var ikkje så mange år før at tuberkulose, eller tæring,  var det alle frykta, og med god grunn.

I tillegg til at vi måtte ta skjermbildefotografering, måtte vi kvart år til helsesystera for å ta pirqueprøve. Det same hendte år etter år, det var det alltid nokre som ikkje tåla ”sjukehuslukt”. Kva slags allergi dette var, er det vanskeleg å seia. Det var ikkje nokon vanleg allergi, slik som ga seg utslag i kløe eller pustevanskat. Resultatet var alltid det same.

Dei svima av.

Og det var alltid dei same folka. Det var eit par-tre stykke i kvar klasse. Dei fekk gå først, inn på venterommet ein og ein. Etter at dei var ferdige med både besvimelse og pirking, som vi kalla det, og hadde fått kvilt seg på sofaen og fått eit glas med vatn, var det vår tur.

Vi sat der alle og venta på kvarandre. Vi som var først i alfabetet, kunne le av dei andre etter tur, for vi var først ferdige.

Kvart tredje år var det doktorundersøking. Det var ikkje spøk. Doktoren skarra på R´en, slik alle doktorar og prestar gjorde på den tida. Så såg han på oss over brillene sine. Han som var doktor og alt! Han måtte da veta at briller såg du gjennom og ikkje over.

Han lytta på oss med eit iskaldt stetoskop, så vi fekk nuppar over heile oss,  og så måtte vi levere urinprøva som vi hadde i sekken.

Etter dette var det tid for høgde og vekt. ”Trettifem kilo”, las helsesøster opp, og doktoren skreiv det ned i papira våre.

Dei åra det ikkje var doktor, men berre helsesøster på dei årlege kontrollane, var det veging og måling i full offentlegheit.

Helsesøster vog og målte, og ropte opp måla til lærarinna, som skreiv tala ned i lange rekker. Ikkje noko særleg morosamt for dei som var i den eine eller andre ytterkant av skalaen.

Nokre år på sekstitalet var Lom plukka ut i ei undersøking av uviss grunn. Ei bykommune og ei bygdkommune skulle sammenliknas.  Ekspertar frå Universitetet kom oppover dalen. Alle elevane vart måla og voge og granska både opp og ned fleire år på rad.  Fyrste klasse som skulle til pers, var gutane i ei av dei større klassene. Ikkje lenge etter at dei hadde gått inn i gymsalen for å kle av seg, kom heile gjengen springande ut att.  Han som hadde vore inne som fyrstemann, leda an. Dei andre kom halsande bak, meir eller mindre påkledde, og han som hadde vore inne, skreik av full hals:

–Faen karer, døm målte ´n.

Det var ikkje nokon tvil om kva for ein kroppsdel det var prat om!

Førebyggande helsearbeid var nok ganske ulikt den gongen i forhold til det vi dag reknar for det same.

Det gjorde seg mange rare utslag. I heimkunnskap høyrde vi om Sigdalsfrokosten. Det var den sunnaste morgonmaten du kunne tenke deg. Den vart delt ut til fattige barn, ikkje i Sigdal, men i Oslo. Det var også noko som heitte Oslofrokost. Det måtte det vel være fattige barn i Sigdal som fekk. Stakkars både Sigdal og Oslo som hadde så mange fattige barn at dei ikkje hadde nok mat heime.

Av og til kom helsesyster på uventa besøk og sjekka matboksane våre. Det hendte eit par gonger at det var elevar som hadde med seg kaker i boksen fordi dei hadde gebursdag. Det vart stor skam og brev heim.

Men om vi slapp og eta Sigdalsfrokost og råkost før fuggeln feis, så slapp vi ikkje unna trana. Kvar dag i storefri, gjekk læraren rundt med den stor, ekle tranflaska. Vi hadde med oss skei i sekken, og læraren gjekk rundt og skjenkte i. Det måtte vera ei skei av ein viss storleik. Teskei nytta ikkje. Hadde du glømt skeia, eller stilte med ei for lita ei, var det berre å legge hovudet bakover, og så slo læraren tran rett ned i halsen på den uheldige. Ein gong enda det nesten med ei katastrofe. Ein av gutane bad om ein ekstra sup, berre for å tøffe seg. Resultatet vart ei valdsam hostekule som bada halve hans, og heile naborekka i ei høgst udelikat snørr- og tran-sky.

Ein annan som ville tøffe seg, tok med seg ei diger treause. Han var riktig uheldig. Humoren  hans slo ikkje an hos læraren. Han skjenkte ausa breddfull, og tøffingen måtte pent drikke alt saman.  Den kom fort opp att!

Nå er trana berre eit minne, for maken til den transmaken, harsk og beisk på same tid, den finst ikkje lenger!  Trana i dag er reine fløyten i sammenlikning! Og godt er det!

Og god helg til alle som følger meg på bloggen min, og del den gjerne med andre om du vil!  Det blir eg berre glad for.

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Ett svar til Måling av edlare delar og andre undersøkingar som er gått ut på dato!

  1. Aud Ingrid sier:

    Bittersøte barndomsminner, Anne ! Deler den, slik at mine fb- venner kan få smake litt på hvordan vi hadde det på skulen i Lom 🙂 Riktig god helg!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s