Fæle sjukdomar og lei medisin

Da vi var småe, gjekk det alltid ein eller annan smittsam sjukdom. Dette var lenge før MMR-vaksine, så raude hundar, meslingar og kusma var noko som alle i tur og orden fekk. Vasskoppar like så. Mødrene våre oss sendte oss rundt slik at vi skulle bli smitta, og bli ferdige med det ein gong for alle.

Resultatet var at heile skuleklassar til tider var borte samstundes.

Elles kom det, med nokre års mellomrom, influensaer som kunne væra særs vondarta. Midt på sekstitalet, for Asia-sjuka over landet, og slo ned folk for fote. Den invalidiserte halve befolkninga.

Vi i vår familie gjekk ikkje fri. Vi låg alle saman i dobbeltsenga til mor og far. Det er nokre dagar som er meir eller mindre sletta ut av minnet, vi låg langflate  med feber som vaka rundt førtitalet. Onkelen vår sto for handlinga. Han kom med varer kvar dag. Da ringte han på døra, og så måtte den til ei kvar tid, og som regel mor vår, slepa sine bein ned trappa og ut i garden. Der sto pappeska med mat, og onkelen var over alle blånar. Det føltes nesten som om vi var spedalske.

Ein dag spydde veslesystera vår på golvet. Det gjekk to timar før nokon orka å tørke opp. Men litt etter litt kraka vi oss til.

Eg hugsar den dagen vi alle sto opp for første gong og kledde oss i vanlege klede. Litt skjelvne i beina sto vi i stua. Systera mi snusa ut i lufta;

”Kæ` æ` dæ` det lufta her”?, sa ho.

”Det lukter feber”, sa mor mi. Ho hadde vore sjukepleiar før ho gifta seg, så ingen tvila på det ho sa.

Feberlukta sat i veggane i fleire veker, og heile familien brukte ein månad på å ta igjen si gamle vekt. Det var godt for oss barna og mor vår, som alle var tynne. Fullt så heldig var det ikkje for far vår, som var av ei slekt der dei fleste sloss med vekta.

Elles var medisinutvalet den gongen noko ulikt det vi har i dag. Globoideska  fanst i alle heimar. Den var lita og oval. Mange åt globoid som drops, og av og til hendte det seg at folk måtte på sjukehuset med magesår. Det var nok ein del av dei som hadde ete det på seg fordi dei brukte alt for mykje globoid.

Elles hadde vi i Lom ein doktor som laga sine eigne tablettar. Dei var mot hoste, og var særs verksame. Dei var små og runde, oppskrifta var hemmeleg, og den gode doktoren kalla dei for hostekular. Dei var nok litt i sterkaste laget, for dei tok ikkje berre hosten, var du uheldig stoppa dei både hosten og det meste av pusten. Det kunne fort ha enda gale for ein lungesvak pasient. Heldigvis gjekk det bra alle gongane.

Som riktig småe, var tvillingsystera mi og eg plaga med ein lei hoste. Ein sommar vi var på ferie i Trøndelagen, hadde vi halde foreldra våre, mormor, onkel og tante, to syskenborn, ein gardsdreng  og ei katte, vakne i fleire netter.

Det gjekk på nervane laus for alle. Alt vart prøvd, men til inga nytte. Det var tilslutt tanta mi som kom på et råd som skulle hjelpa. Ein årandes liten dram var tingen. Og når det kom frå henne, medlem i fråhaldslosjen  og det hvite bånd og alt, så kunne det vel ikkje skade å prøve.

Mor vår varma opp vatn og sukker, og slo i ein liten klunk dyrlegesprit. Vi fekk kvar vår skei. For ein vaksen hadde det vel ikkje merkast, men for ein utrangla treåring vart det ein annan sak.

Da far vår kom heim etter for hundrande gong hadde stått i Orkla-elva og fiska etter laks utan å få nokon, undra han fælt;

”Kæ` æ` dæ` mæ` ongan, døm æ` så rare”?

Vi song og rasa rundt i stua, for så og sovne, heilt utmatta.

Men vi vakna fort at, for hosten, den var like ille!

Eg er i Roma på jentetur med dottera mi og vi hostar ikkje. Så god helg til alle der heime! Og vil du følge bloggen min og få melding kvar gong eg legg ut nye innlegg, kan du berre trykke på «følg bloggen min her» i øverste høgre hjørnet på sida mi.

Ciao!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s