Svalestup og språkvansker

Det å ha ein dialekt frå Nord-dalen, er ikkje alltid like enkelt for andre. Det hender seg at vi må legge om språket vårt til ein viss grad for for å bli forstått, anten vi vil det eller ikkje.

Dette gjaldt og ei eldre dame frå bygda.

I Lom er et mange turistar om sommaren, og den eldre dama tenkte at viss ho prata bokmål, så måtte alle forstå ho.

Ho skilde ikkje på om dei var norske eller utanlandske. Ein dag fekk ho besøk av ein tremenning frå Amerika. Dei beste kakane kom på bordet, og kaffi vart servert. Så satt dei der da, han med sin midtvesten-amerikansk, og ho med sin ottadals-dialekt. Ho i sin jersey-kjole med forkle knytt stramt over magen, han i bukse med ruter, caps på hovudet og kamera på magen, ivrig etter å ta med bilete heim att frå gamlelandet. Men ikkje no. No sat dei og stirra ut i lufta, forbi kvarandre, og stemninga vart meir og meir trykka.

Dei hadde sagt goddag og sine eigne namn, og det var alle dei orda dei hadde til kvarandre. Nå fanst det ingen ord att.

Mannen gjorde ikkje mine til å forsyne seg, sjølv om ho hadde sagt;

”du fæ værra så god”, høgt og tydeleg opp til fleire gonger

Det var så stilt at du kunne høyre  ei knappenål falle. Tilslutt var det ingen veg utanfor, kjerringa tok mot til seg, drog inn pusten og skreik på sitt stivaste riksmål;

”SKAAL DEET VÆÆRE EEN KAAKE”?

Tremenningen frå Amerika skvatt høgt i været og slapp den glovarme kaffikoppen rett ned i fanget.

Han kom aldri meir attende.

Andre hadde vanskeleg med å skjøna bymål.

Så med ein annan kar som hadde ei kjerring som var sjuk. Doktoren måtte tilkallast. Han var ein fersk turnuskandidat frå Oslo. Inne i soverommet låg ho mor sjøl med hunden sitjande vakt ved fotenden. Han passa på matmora som låg i vilse med førti graders feber, og var knapt nok tilsnakkandes.

Doktoren spurte derfor mannen;

”Hva heter hun”?

”Trofast”, sa mannen.

Andre kan strø om seg med ord dei ikkje heilt mestrar.

Ein gong var Lom bondekvinnelag i nabobygda for å sjå på den fine landbruksskulen dei hadde der. Det var til og med ein mann som dekte på bordet og trakterte dei med kaker og kaffe laga på husmorskulen der. Dette gjorde stort inntrykk på bondekvinnene. Da dei kom attende kunne ei av damene oppglødd fortelje naboen sin:

”Du verden for ein mæinn, tenk `n bedekte oss æille saman”!

Så var det dei som budde for lenge utanbygds og gløymde språket sitt. Ein slik kar kom heim og tok over farsgarden. Ein dag kom han til slaktaren med eit dyr.

Fin i målet, sa han;

”Jeg kommer med et slakt fra førstkommende fredag”

”Du ska` vel hå betaling i førdags da”?

Slaktaren var kjent for å være kjapp i replikken.

Av og til kom det kjentfolk til Lom. Rikskonsertene og Riksteateret kom og gav oss et sus av den store verda.

Ein gong var sjølvaste Arve Tellefsen og Kåre Ørnung engasjerte for å spela på samfunnshuset i Skjåk.

Arve Tellefsen var, ved sida av Jim Reeves, ein av mora mi sine store heltar. Eg sat i salen, og tykte at musikken var noko av det vakraste eg hadde høyrt.

Den goda stemninga vara konserten ut,  heilt til musikarane skulle få blomar.

I Marlo grendahus i Skjåk er det ei trapp framfor scena. Her skulle mannen som hadde fått det ærefulle oppdraget å dele ut blomar, gå opp. Han var formann i Musikkens venner, og ein høgt respektert mann i bygda. Han var nok prega av alvoret i oppgåva. Dette fekk fatale følgjer for ordvalet seinare. Tunga slo nok litt krøll på seg. For ikkje å snakke om nervane, så han var nok ikkje heilt oppmerksam da han gjekk opp trappa. Det gjekk ikkje betre til enn at han snubla i det siste trappesteget og tok eit frykteleg svalestup innover golvet med blomekvasten i ein stor boge framfor seg. Han reiste seg opp, kosta støvet av seg, og prøvde som best han kunne å framstå som verdig. Så samla han i hop blomane, gav dei til musikarane, og takka pent:

”God musikk ha` oss fått nok tå i kvæill”.

Og eg takkar for oppmerksomheita di, kjære lesar.

Det blir ikkje noko oppskrifter enda som eg tidlegare har nevnt. Skal få fart på det med bilder, og så er det ei attpåtil hektisk tid akurat nå, så eg prioriterer historiane mine ei stund. Men gi ikkje opp, eg kjem attende med meire mat og musikk seinare!

Hei så lenge!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s