Mine julekoteletter

Dette er ikkje mat for folk med halsbrann og galleproblem, men det er julekotelettane slik eg likar dei. Vi hadde som sagt koteletter og ribbe julekvelden, oppdelte og steikt inni omnen. Da eg var lita, laga vi brun saus til, men fyrst på syttitallet skjedde det ein aldri så liten revolusjon i huset vår, angaånde kotelettar.

Det skjedde ein sommar sist på sekstitalet. Mor vår hadde gått tom for mjøl, og  ein 3-desiliter med kremfløyte som ho slo over dei ferdigsteikte kotelettane. Så sette ho forma i ovnen til fløyten tjukna og bobla i forma! Etter dette ville ingen ha brun saus til julemiddagen, så det vart ikkje reint fåe kalorier i julemiddagen når ribba og kotelettane fekk eit hav med fløyte over seg! Godt var det, og etter at far min tok syrenøytraliserande tablettar både før og etter måltidet, gjekk det underleg nok bra.  For mor mi vart det bråstopp i 1980, ei  galleblærebetennelse og påfølgande operasjon sette henne ute av stand til å tåle slik ein kraftig kost!

Den dag i dag er det noko av det beste eg veit, og no har eg perfeksjonert denne retten.

Kotelettar med urter og fløytesaus

4 svinekotelettar

nokre salvieblad

ein stor stilk rosmarin

5 heile klyfter kvitlauk

salt og pepar

kremfløyte og vatn

Salte og pepre kotelettane. Legg dei i ei panne, og slå på vatn så det står kant i kant med kjøtet.

Finhakk urtene og legg dei i vatnet. Legg og i kvitlauken. Sett plata på fullt, og la det koke utan lokk til alt vatnet er nesten borte. Snu så kotelttane. Dei er steikte på eine sida. La dei frese i panna på den andre sida, og slå så over godt med kremfløyte. La det tjukne.

Server med mjølne potetar som du klemmer sund i sausen, tyttebærsyltetøy og ei god ertstuing!

Og til dessert:

Karamellpudding.

1 l H-mjølk

5 store egg (eller 6 små)

6 ss sukker

1 vaniljestong

sukker til forma

Dette er ein veldig enkel karamellpudding. Eg brukar ikkje fløyte i den, den blir mjukare med berre mjølk, og like god. Så kan ein heller ha god krem til.

Start med å strø 1/3-1 cm lag med sukker i ei brødform og sett inn i varm ovn på 200 til sukkeret har smelta. På denne måten slepp du å røre i det så det blir klumpete, og dette kan du gjera i god tid i forvegen.  Men pass godt på, det svir seg fort!

Kok opp mjølka med vaniljestonga, og ta kjelen av plata. Skrap ut frøa og ha i mjølka. Visp lett saman egg og sukker, og slå den avkjølte mjølka opp i eggeblandinga. Sil røra of ha ho i forma. Steik i vannbad på 130-150 grader til puddingen er skjelvande, men kjennes fast på overflata. Du kan stikke ein rå spagetti eller strikkepinne nedi og sjå om det heng røre på. Da må den ha ei stund til. Min ovn brukar 1 1/2-2 timar.

La Puddingen stå i kjøleskåpet, helst natta over, men iallfall minst 3 timar, og kvelv den på eit fat. Pynt med krem og det du elles måtte ønske av frukt eller nøtter/mandler, eller ikkje noko.

Vil du ha ein ekstra god saus ekstra til, utover den som blir i forma, kan du smelta sukker i panna og spe med varm kremfløyte og finreve appelsin og sitronskal. Da kan du pynte puddingen med sitrusfrukter, quqmquat, slike små appelsiner er min favoritt. Elles er nå mandariner julemat da!

Eg lovar å få til bilete her seinare, men i julestria har eg enda ikkje sett meg inn i korleis eg gjer det, så det får koma til neste år!

God jul og godt nyttår.

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Mat. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s