Det stundar mot jul

Eg   gler meg halve høsten til jula kjem.  Det har alltid vore slik for meg, men som vaksen er det to ting jeg slepp,  den fryktelige innledninga på adventstida og jula. Det verste var et nærmastt uoverskueleg traume som kom kvart einaste år på same tid.

Den årlege vitjinga til skoletannlegen.

Eg kan enda kjenne lukta som møtte meg når eg på stive bein gjekk opp trappa og slo opp døra til venterommet.  Tannlegebesøka kvart år var det verste som tenkast kunne. Ingenting kunne mildne dette slaget. Venterommet var pynta med bilete av dansande tenner med store smil. Dei hjalp deg ikkje i det heile teke. Berre det å sitja og høyre på stakkaren som var føre deg. Det hendte ofte at det kom hyl og skrik inne frå kontoret. Når denne pasienten omsider kom ut og sendte oss eit letta smil, fekk ho ei forpint grimase attende.

Tannlegen kom ut og smilte.  Det lynte i gulltanna hans.

–Værsågod Vesla.

Som slaktelammet til benken drog eg meg inn på kontoret og opp i stolen.

Det var like forferdeleg kvart år.

Så gjekk han, med fynd og klem, til verket.

Han pirka i alle tennene våre med ei lang nål. Dette var lenge før det var vanleg med røntgen på tannlegekontora. Det var før fluoren også, så det hendte seg at vi hadde fleire hol. Av og til, viss vi var riktig uheldige og holet var ekstra djupt, hendte det seg at han stakk så djupt at han kom innpå ei nerve og vi  hoppa nesten ut av stolen.

Tidlig i barneskulen var ikkje dei vassavkjølte tannlegebora kome. Da borra han til det vart så varmt og lukta så svidd, at han måtte ta ei pause. Stakkars Mormor mi måtte trekke alle tennen før ho fekk gebiss. Medisinen var dårleg og tannkjøtet betent, og da virka ikkje  bedøvelsa som den skal. Det heile enda med at alle tenna hennar vart trekte, men det var så vondt at ho greidde å rive frakken av tannlegen, så han sto att i berre frakkarmane da den siste tanna gjekk ut!

Eg takkar og bukkar til min tannlege på Majorstua, Tine Tann, som er ein fryd åkoma til, bedøvelse som virkar og eit svært triveleg selskap!

Den andre hendinga som jeg grudde meg til, og som skjedde kvart år før jul, var når grisen kom i hus. I kjellaren vår, på eit bord låg den, halv og dau. Vi greidde ikkje å la vera å sjå på den, og eg var praktisk tala vegetarianar  i eit par veker før lukta  kjøttkaker og koteletter tok over, og grisen var komen i frysaren. Det var Bestefar og Mor vår som delte opp grisen, for far vår jobba døgnet rundt.

Det var høgsesong for insiminering og til dette brukte han ei lang stong av stål til å føre inn sæden som stort sett kom frå Hamar oksestasjon. Ein gong han kom heim etter ein lang dag,  svolten og trøytt, stoppa han midt i døra og banna stygt! Og det var heilt ulikt han, fredsæl som han var.  Mor vår hoppa høgt og kjefta på han, men han hadde ein god grunn til å vera arg på seg sjøl! Han hadde vore i Bråtå, den delen av distriktet som ligg lengst unna Lom, vel ein fire mils veg var det til denne garden. Og nå skulle han i motsatt retning etter at han hadde ete middagen som sto og venta i varmeskapet under ovnen, og til ei ny ku som skulle insiminerast.

–Faen, eg gløymde stålpikken min i Bråtå!

Det høyrer med til historia at det fanst berre ein!

Så kom desember og juleutstillinga i butikkane. Og adventskalender med sjokalade, som eg alltid for min del hadde glede av ein dag! Eg greidde ikkje å vente, men opna alltid alle lukene første dagen! Eldri veslesyster var flink og hadde glede av kalenderen heile desember.

Det som ikkje var fullt så moro, var eit par eldre damer som kom og selde juleblad. Dei viste bilete av lykkelege nyfrelste folk som sprang omkring i varmare land. Dei var til inntekt for misjonærforeiningar av ymse slag! Og damene sat heile dagen og drakk kaffe, og gjekk aldri vidare, og så hadde dei ein lei tendens til å koma når det passa minst!

Mor vår trøsta oss med at dei kom denne eine gongen i året, så det fekk vi tåla!

Så var det tid for å spela inn jula! Da sat vi i korpset bak teppet oppe på scena i gymsalen og venta på tur. Framfor sto sangkoret og harka  kremta og tok tonane før dei stemte i med julesongane.  Og eg skjønte aldri kvifor dei song om Stille Natt, mens vi andre song Glade Jul.

Etterpå var det vår tur, og så var det kaker og saft!

Veslejulekvelden var det tid for å hente juletreet. Det fekk vi kvart år av same mannen. Det var ei høgtidsstund når vi ungane fekk sjå treet for fyrste gong, for ikkje å prate om han som ga oss det, han fekk som alltid ei flaske med dyrlegesprit i byte!

Og treet kom opp og vart pynta, og sto der heilt til ein eller annan velta det. Det hende kvart år, anten det var katten eller veslebroren vår, eller vi jentene som sloss og ein gong greide foreldra våre og dansa det overende i ein heftig masurka!

Og så etter nokre dagar til, var julekvelden der, og ribba kom i ovnen mens vi venta på at far vår skulle bli ferdig og koma heim att. Han kom som regel akkurat i det høgtida vart ringt inn, og strauk rett på badet for å gjera seg fin til julekvelden. Vi ungane vart plassert på stova med attlete dør, for nå var det tid for årets julekveldsrikstelefon.

Den hadde ho mor bestilt tidlegare på dagen,  og så, på slaget fem kom den. Rikstelefonen frå Trøndelag.  Av og til tenkte eg at ho ikkje trongte å ringe, ho ropte i luren så ein mest kunne tru at dei høyrde henne heilt opp til Orkal utan telefon! For slik var det med rikstelefonen. Du måtte rope høgt for å bli høyrd, og forbindelsa var ikkje alltid av det beste slaget!

Maten sto i ovnen, ribbe og kotelettar. For meg var kotelettar julematen. Av ein eller annan grunn var alltid ribba oppdelt og steikt i serveringsstykke i lag med kotelettane inne i ein glovarm ovn.  Ribbestykka velta over på sida og vart svidd på ein kant, ikkje nok sprø svor! Seige og tørre vart dei, men det var slik det var den gongen, iallfall i vår familie.  Men den gongen var ikkje maten så farleg, for vi enste knapt kva vi åt.

Under treet låg pakkene og venta!  Alle spennande med unntak av dei årlege mjuke pakkane med heimstrikka underskjortene, stilongsane og labbane frå mormor vår. Strikka med omtanke, men klødde som eit lite helvete,  innpakka låg dei under treet, og utpakka til sist!

Og så gjekk vi rundt juletreet, og song julesongane, vi på nynorsk og mor vår på bokmål. Med unntak av strofa i det verset i «her kommer dine arme små»som heiter:

–å kysser dusti for din fot!

Da song ho i alt ho kunne, og det var ikkje lite, for det tykte ho var den styggaste setninga i nokon julesong. Heime rundt vårt eige juletre var greitt, verre var det når ho drog til på den årlege juletrefesten!

Og kvar ein julekveld minns eg at trea var tunge av nysnø, og det blåe ljoset la seg over dei kvitkledde fjelltoppane og fekk dei til å sjå ut som om dei var nykvesste knivar . Og vi sto i glaset og fann Betlehemsstjerna. Det var den som lyste mest. Det gjorde ingenting om det ikkje var den same kvart år. Eg veit ikkje kvar ho er i dag, men den gongen, ja da var eg sikker på kvar ho var.

Etterpå  spelte vi spel og leika oss med gavene medan mor vår vaska opp!  Og så var det Erik Bye med «vi går ombord» til  nøtteknekking og godterieting, før  far vår datt om på sofaen og snorka seg gjennom resten av kvelden. Og vi la oss mette og fornøydde og ønska at vi kunne sova over førstedagen.  Det var den lengste dagen i året, for da måtte alle halde seg heime, å gå på besøk var strengt forbudt! Men på andredagen kunne vi gå til vennene våre og vise fram gavene og sjå kva dei hadde fått.

Og det var vel slik det var den gongen, i dei flest familier i vårt lange, rare land.  God jul!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Ett svar til Det stundar mot jul

  1. Jeg leser og ler. Takk for at du deler 😃

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s