Mormor

Mormor mi vart morlaus i ein alder av seksten år. Da reiste ho aleine ut i verda. Ho ville ha seg ei utdanning. Det var  ikkje så vanleg for jenter på den tida, dette var i 1911.

Dette gjorde nok sitt til at ho vart ei hardbarka dame, slik som ho i tidleg alder laut lære seg å stå på eigne bein.

Ho utdanna seg til meierske.

Da eg var barn, hendte det seg at Mormor fann fram læreboka i biologi frå meieriskulen. Der viste ho meg alvorleg den første setninga;

”Mennesket er det mest høytstående dyr av alle dyrearter”.

”Husk dette”, sa Mormor, ”det e` itj  my` som skille  oss frå dyra, så det e`  itj  rart at det e` my` krig i verden”.

Mormor mi var i sanning ingen optimist, men så hadde ho og levd gjennom to verdskrigar.

Ho var ei energisk dame. Alt ho gjorde, gjorde ho i småe, raske røyrsler.

Det kunne av og til gå litt vel fort i svingane.

Den gongen kom sitronsmaken for det meste i gule sprutflasker med grøn kork. Desse bitre dråpane var laga for å ha i teen.

Ein gong på sine eldre dagar, da synet ikkje var som det hadde vor, fekk mormor ei slik flaske i hende. Ho fann ein kniv, og sagde, og sagde, – lenge. Tilslutt fikk ho hol på den, og sitronsafta dreiv rundt vegger og tak.

–dykede, så hard en sitron. Og så saftig den var!

Ho var trønder.

Ho var også ein meister til å   ta feil av sukker og salt.  Du nærma deg, klok av skade, alltid maten hennar med respekt.

Ein gong skulle vi ha blomkålsuppe og pannekaker til middag. Farfar min var på besøk. Han skulle kløyve ved før vinteren sette inn, og måtte eta før oss andre, før det vart mørkt.

Mormor gav han suppa først. Så gjekk ho ut eit lite ærend.

Da ho kom inn att, tok Farfar siste skeia av suppa. Han var vanlegvis ein mann av få ord, men nå let han forsiktig på at

”Supe i Lom, og supe i Trøndelagen, nei det var nok ikkje det same”. Det var da Mormor fekk auge på suppa som sto på omnen. Pannekakerøra derimot, den var borte.

Neste gong han kom, gjekk det på same viset. Han skulle eta først. Nå fekk han saus til suppe, og vi fekk suppe til saus.  Ikkje å undrast på at han syntes at suppa var sterk. Etter dette åt han  saman med oss andre når mormor var kokke.

Mormor budde i første etasje i eit hus. Her leigde ho ei lita toroms leilegheit. Vertinna Jonetta, var medlem av ei frikyrkjeforsamling, og Mormor var sikker på at ho budde i eit hus der det ikkje var lov til å nyte sterke saker. Eg trur ho tok feil her, men det fall henne aldri inn å spørje vertinna om kva ho syntes.

Kvar laurdagskveld møttes mormor og tre veninner heime hos mormor for å spela amerikanar.

Dei sette seg i sofaen, mormor gløtta på døra ut i gangen for å sjå om det var klar bane. Så skunda ho seg bort i hjørneskapet og fann fram flaska med utblanda dyrlegesprit. Ho skjenkte raskt opp ein kvar sin dram til damene, og gøymde flaska under sofaen. Så heva dei glasa og heiv drinken rett ned. Mormor sette flaska i skapet att, og skunda seg å vaska glasa og gøyme dei i skapet.

Spelet kunne byrja! Det fall henne aldri inn at kortspel kunne vera synd.

Ei av  veninnene heitte Brynhild. Ho var ei gamal ungjente som vi sa, ho var ugift. Ho var ei beskjeden dame. Ein gong skulle ho til tannlækaren. Det var bygd nytt helsesenter, ho var på det nye senteret for fyrste gong. Det gjekk ikkje betre til enn at ho hamna feil, og kom til doktoren i staden. Ho var redd for å såre doktoren, så ho måtte dikta opp eit ærend. Jau, ho hadde riktig nok ei hand som hadde var litt kranglete eit par månader etter eit fall på holka seinvinters. Røntgenbilde vart teke, og overraskinga vart stor da det viste seg at arma, jau den var av!

Det var sterkt slag i dei gamle damene!

Mormor var realist, og så lenge eg kan hugse frå eg var ganske lita,  meinte ho at det ikkje var vits i å kjøpe nye kjelar, dei ho hadde, skulle helde i hennar levetid. Det var kjelar som allereie den gongen var skranglete og livsfarlege, med hanker som sto i fare for å løsne og skålde både store og små. Det vart nye kjelar, som og nådde å bli gamle og skrøpelege før ho flytta på pleieheimen!

Når Mormor kom på besøk,  så laga ho heimbaka  brød.  Det var noko vi ikkje såg fram til. Av ein eller annan grunn, vart dei heilt flate, så det var umugleg å legge på pålegg. Det gjekk langt utanfor kanten. Og så smakte dei av gjær og sirup, som ho var raus med i oppskrifta.  Men det vog opp for  potetkakene ho alltid laga til kvelds.  Og så laga ho Trondhjemssuppe. Det var saker som smakte.

Mormor var enke i 25 år, og sakna mannen sin kvar dag. Eg hugsar ikkje han, han døydde før eg var fødd, men det eg veit, er at han var ein habil fiolinist som både spelte, arrangerte musikk og skreiv sine eigne stykke. Og eg veit, at om eg hadde møtt han, hadde vi hatt mykje å prate om! Og musikken i dag, det er den han likte best. Han var i sanning allsidig, i helgene spelte han til dans, og heime spelte han Mascagni.

musikken i dag er til ære for han og for Mormor.

Maten er naturleg nok tre ulike supper!

God helg!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s