Gåmmålt og gått

I siste innlegg, om Mor mi sin trønderonkel, hadde eg tre typer graut, bl a mølsgraut. Her er noko som liknar, frå denne flotte oppgåva av som er laga av ungdomsskule-elevar ved Lom ungdomsskule. Eg har tidlegare lagt ut oppskrifter frå denne oppskriftsboka, direkte avskrift etter å ha fått ja frå rektor ved same skule!

mat lom

Frodo

Når ein yster raudost (brunost for den som ikkje veit det), så har ein osteløype i mjølka for å skilja ut ostemassa. Etter at ein har teke ut rauosten (kjuka) blir det att mysu i ystepanna. Så slår ein mjølk og fløyte oppi panna og kokar dette inn til raudost. Når det har kokt nokre timar, så mjølka blir litt tjukk og får ein mild raudostsmak, da er det frodo.

Ein enkel måte å lage frodo på:

5 dl H-mjølk

2 dl kefir

Kokar det opp så det ikkje skil seg.

Silar frå kjuka. Ha mysu tilbake i kjelen, og tilsett;

2 dl H-mjølk

1 dl fløyte

5-6 skiver raudost

3-4 ts sukker

1/2 ts salt

Kok opp det heile, og drikke det av krus. NB: kast ikkje kjuka, men tilset 1 ss lettrømme og 1/2 ts salt. Bruk dette som ost på mjukbrød (lefse), hardbrød (flattbrød) eller brødskive.

Og min eigen kommentar; ha i karve og smør eit tjukt lag med det beste smøret du veit på heimbaka flattbrød og strø litt salt på. Det er godt det!

Så minner eg om tidlegare oppskrifter frå denne boka, der du kan bake ditt eige flattbrød og eit par oppskrifter til, alle frå Lom, her eit bilete frå ei fin vinternatt!

moskva6

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Mat. Bokmerk permalenken.

Ett svar til Gåmmålt og gått

  1. Bjørnar sier:

    Nå er det hvitosten man tar ut først…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s