Ein gamal Onkel 2

111654

Der mor mi på si side hadde Martin til onkel, han eg skreiv om i forrige innlegg, så hadde far min på si, Rudolf. Rudolf var bror til bestemor, og var ein av tolv ungar. Kanskje var det derfor at han heile livet hadde gutungen i seg. Han tok alle sjangsar som tenkast kunne, med ulikt resultat. Mye gjekk bra, men langt frå alt. Han var til dømes ikkje så heldig med val av bryllaupsdag, for 9. april 1940 er ein dag alle hugsar av heilt andre årsaker.

Han er og den einaste eg har høyrd om som har greidd å vorte halvt i helsparka av ein daud gris!

Grisen skulle slaktast, og Rudolf hadde brukt hagle, ein heller uvanleg avlivningsmåte. Han bøygde seg fram for å sjå om purka verkeleg var dau. I det same sparka grisen ut i krampe som grisar plar etter at dei er daue. Rudolf for inn i låveveggen og slo på seg ei hjerneskaking, og skamslo seg stygt, men alt i alt kunne det gått verre.

Ved slike høve, kom det nok godt med at fysikken hans var så god. Han sto for meir enn ein støyt, den gode Rudolf!

Ein gong var han langt inne i fjellet med nokre andre karar. Dei andre karane skjenkte seg godt, og ut på kvelden vart selskapet nok for Rudolf. Han orka dei ikkje lenger, og midt i svarte natta drog han til heimover. Det var fire mil å gå, ingen liten tur for ein mann på over sytti år! Han stoppa og kvilte seg i nokre løer han passerte, og utpå dagen neste dag var han heime att.

Han kunne vera litt overmodig, og ein gong tok han mopeden og køyrde til Vågå, ein tur på tre mil ein veg. Ein grei tur vanlegvis, men nå gradstokken kryp ned mot minus tretti grader, blir det ein heilt anna sak.

tempoPå heimvegen vart han så kald og stiv at han stoppa hos ein venn. Han var aleine heime med mor si, kona var på sjukehuset og fødde. Rudolf fekk varm kjøtsuppe, grynpysje, som vi kallar det. Dette var det beste han visste. Da vennen og mora skulle i fjøset, gjekk Rudolf opp i andre etasje. Her la han seg ved sida av ein varm omn, og sovna som ein unge. Ei god tid seinare vakna han, litt i ørska.

Nå har det seg slik, at i det huset han var i, var det ei dør midt oppe på veggen i andre etasje. Da huset vart bygd, var det nok meininga at det skulle byggast ein veranda der, men den kom aldri opp.

Rudolf vakna, strekte seg og  sto opp. Han gjekk bortover gangen, framleis litt trøtt, opna døra og ramla ei etasje rett ned! Her landa han på kne og knuver oppå eit kumlokk. Det må ha gjort noko utruleg vondt.

Men Rudolf var ein tøffing. I det same han flaksa ned, gjekk fjøsdøra opp, og ut kom bonden og mora. Dei fekk med seg heile det uelegante svalestupet.

Rudolf reiste seg, fekk auge på tilskodarane, reiste seg, kosta av seg, og utbraut;

”Eg sku’ sett den som hadde gjort detta opp att ette’ me!’”

Ingen til dags dato iallfall.

Ein annan gong skulle far min og Rudolf legge eit røyr igjennom fjøsveggen. Rudolf sto ute, far min inne. Far min ropte gjennom holet;

”Pass deg Rudolf, nå kjøm røyret.”

Han tok riktig sats, for holet var i trongaste laget. Så dreiv han det gjennom veggen. Det kom ein riktig utriveleg lyd, og like etter kom Rudolf sjanglande inn i fjøset som ein merka mann. Rundt munnen hadde han ein raud, hissig ring. Da far min ropte, hadde Rudolf bøygd seg ned og skriki;

”Kæ’ sa du?», gjennom holet, samstundes som far min køyrde røyret  gjennom veggen.

Så det var den gongen at far min merka onkelen sin, men heldigvis, ikkje for livet.  Skada let seg bota, Rudolf var ein sterk kar.

Han var og i London på sine eldre dagar, og kom både bort og heime med følgande kommentar:

–‘N trøng ikkje kunne engelsk for å greie se’ i London.

Ikkje han nei, tegnspråk, kombinert med godt humør og open vilje greidde seg lenge.

Det kunne vera sagt mykje meir om Rudolf, som den fargerike og morosame karen han var, men eg får gje meg her.  Det er artige minner frå min barndom, og vonar at det og kan glede andre!

Ha ei god helg!

storstabburetstorstabburetstorstabburetstorstabburet

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

2 svar til Ein gamal Onkel 2

  1. Utrolig artig å lese, Anne!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s