Ein gamal onkel 1

Det blir litt forandring på bloggen min.  Jeg kommer til å veksle mellom bokmål og nynorsk, da jeg liker å skrive på begge mål. Siden sist har jeg vært ute og reist, og har vært taus noen uker.  Nå er jeg tilbake, men denne gangen uten bilder. Jeg syns at jeg ble ganske flink til å laste ned bilder, jeg er ikke noen flink fotograf selv, men nå er det blitt umulig. Det er ikke mulig å laste ned bilder fra google og andre søkemotorer, og det er vel sikkert slik det skal være. Men for meg blir det vanskelig. Hvis noen av dere lesere kan hjelpe meg med å finne ei løsning, er jeg glad for gode tips. Jeg vet det finnes sider du kan abonnere på eller laste ned fra, men jeg har forløpig ikke funnet noen til mitt bruk.

Så til historien om min grandonkel Martin, den første i rekka av to;

Mor mi hadde ein gamal onkel som heitte Martin. Han var ein innbarka ungkar, og budde på farsgarden i Orkdal saman med hesten sin, Morian, og hushjelpa si, Gurina.

Gurina var ei streng dame, men på sin måte, full av omsorg for Martin. Av og til vart det nesten litt for mykje av det gode. Martin måtte ta tran, enten han ville det eller ikkje.

”Gap”, sa Gurina. Det var ingen veg utanom.

Likevel, til tross for den av og til tider kvelande omsorga, så hendte det seg at Martin vart forkjøla. Ein gong vi var på besøk, satt han syltande forkjøla med nasen i ein klut. Ein av oss ungane opna kjøleskapsdøra, men da var Gurina der med ein gong;

”Stæng dørra, det trækk på ‘n Martin”.

Kjøkkenet til Martin var av det gamle slaget. Det var stort, med peis og eit digert bord med benkar rundt. Ein gong var vi der og skulle eta middag. Vi sat vel ein ti-tolv personar rundt bordet. Martin gjekk i kjellaren og henta opp heimbryggja øl som han trekte opp. Det var sannelig øl med fres i! Spruten sto i taket! Martin vart så forfjamsa at han held tommelen halvveges over tuten. Trykket vart nå formidabelt. Samstundes snudde han seg 180 grader rundt, slik at opninga kom i ansiktshøgde på alle. Alle fekk sin sprut midt i fleisen, berre eit par av dei minste og lågaste ungane gjekk, til sin store glede, fri!

Kvart år var vi med i høyonna. Først hesja vi høyet, og da det var tørka køyrde vi det på låven.

Hesten Morian drog høylasset. Han var ein gamal og snill hest, og vi låg oppå høylasset. Av og til feis hesten så det small, og vi lo like mye kvar gong.

Morian hadde i sine unge dagar vore ein travhest.  På sine eldre dagar hende det brått at konkurranseinstinktet i den gamle øyken vakna. Vi låg bak på vogna da han tok til å kappspringe med alle bilane som for forbi. Det var utruleg ekkelt. Øyrene låg bakover, og han vrengte augo. Han fekk eit slags sinnssjukt drag om munne, samstundes som han la på sprang for full galopp! Vogna rista og knaka, og vi vart kasta fram og attende opp lasset. Heldigvis var lysta større enn evna, så han gav seg fort.

Vel framme med høylasset, fekk vi hoppa i høyet. Det var nesten ikkje noko i heile verda som kunne slå dette. Suget i magen da du hoppa, og det mjuke dunket når du landa. Det einaste som ikkje var så bra, var kløen om kvelden. Men det var ein liten pris å betale for moroa.

Det var ein av desse gongene at tvillingsyster mi bestemte seg for å bli gardkjerring når ho vart stor. Da kunne ho hoppe i høyet når ho ville.

I dag bur ho midt i Stockholm sentrum saman med sin ingeniørmann, så det vart ikkje slik som ho trudde.

Det andre framkomstmiddelet som fanst på garden, var ein gamal tempo-moped. Ein dag Martin var ute og køyrde, vart han påkjørt av ein bil og hamna i grøfta. Ikkje så rart kanskje, han nærma seg åtti år, og var nokså vinglete.

Sjåføren vart naturleg nok redd.

”Slo du dæ’?”

”Jau æ’ slo mæ’ visst te gangs”, sa Martin. Så sette han seg på mopeden og køyrde fire kilometer til han kom heim att. Da han kom inn på gardstunet, svima han av.

På røntgenbildet som vart teke, viste det seg at heile venstre kneskål var knust.

Han var av det gamle slaget, han ville ikkje klage i utrengsmål!

Og maten til denne historia er sjølsagt tre typer graut frå Orkdal!

God helg til alle!

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s