Fra virkeligheten

jørgine

På sporet etter Jørgine

-frå Praha til Maine

Eg drømte om å skrive historier «fra virkeligheten» i  Hjemmet da eg var ung. Men eg trudde at det måtte vera sjølopplevd og derfor vart det aldri noko av. Eg måtte bli godt vaksen før historia kom, og da hadde eg forlengst gløymt draumen, sjøl om eg lenge hadde skjønt at slike historier eigentleg er oppdikta!

Denne artikkelen skreiv eg til  Fjukens påskenummer i 2006. Språket er sjølsagt nynorsk slik det er i Fjuken, og det er og mitt gamle skulespråk. Og det er og eit språk eg likar å skrive, så det kan godt hende at det kjem fleire historier på nynorsk. Elles skal eg legge ut bilete frå turen seinare, men akkurat nå sit eg på eit hotellrom i Moskva, og biletene frå den gongen ligg att heime.

Og sidan denne historien er så lang, blir det ikkje mat eller musikk denne gongen.

God helg!

Dette er historien;

Eg sit ein tidleg morgon klokka sju i foajeen på hotell Waldorf Astoria i New York. Dette er eit av verdas mest kjende hotell.

waldorf hotel-waldorf-astoria-new-york-city

Hit har eg kome frå Oslo dagen før. Grunnen  til at deg sit her, er eit eldre ektepar frå Maine i USA, Shirley og Arthur Leech, deira eks-svigerson som bur i Florida, og ei husmannsjente fødd i Bøverdalen for 110 år sidan.

Denne reisa starta eigentleg i Praha. Nærmare bestemt i haustferien for eit år sidan.

Ungane mine, bror min med kone og eg, hadde bestemt oss for å bruke haustferien i Praha.

Ungane mine heiter Ingrid og Øyvind, og i fjor var dei 12 og 15 år gamle.

Dette var  den veka som flygeleiarane streika. På ein aller annan måte vart det av den grunn noko tull med returen, med det resultatet at vi  fekk to dagar ekstra dagar i den vakre byen ved bredda av Moldau.

Ufrivillig, men ikkje oss imot.

prahpra

Møte med amerikanarane

Siste natta var vi aleine. Dei andre hadde returnert til Trondheim, ruta deira gjekk utanom dei sinte flygeleiarane på Røyken.

Vi hadde fått eit nytt hotell i utkanten av Praha, eit lite familiedrive pensjonat med ein innrøykt kafe der maten berre metta oss, medan pilsen var, som alle andre stader i Tsjekkia, av beste kvalitet.

Eg sat med eit glas av denne edle drikka og ei god bok etter ein lang dag. Vi hadde trava Praha rundt, og vore inne i eit utal  butikkar som hadde store utval i slike ting som ungane likte.

Dei som har to tenåringar, ein av kvart kjøn og med ulike interessar, veit kor slitsam ein slik dag kan vera.

Eg har som nemd to ungar,  ja det er to heilt ulike ungar.

Øyvind på tolv, kan sitja roleg og finne på ting for seg sjølv i fleire timar.  Denne kvelden sat han på rommet vårt og bygde lego kjøpt den same dagen. Han var nøygd med det.

Syster hans heilt ulik. Ho er ikkje av det  rolege slaget. Der broren sit med sitt og knapt nok blir enst på, er det ingen som unngår å leggje merke til henne.

Ho er full av energi, og finst ikkje sjenert. Same kvar ho er, så kjem ho i prat med folk. Men ikkje denne kvelden.  Denne kvelden kjeda ho seg. Med ei lesande mor og ein bror som var gått i hi med legoen sin i etasja over.

”Prat med nokon da, du er da så flink til det”, sa eg.

”På hvilket språk da mamma”?

Ho hadde eit poeng der. Vertskapet og dei få andre gjestane som var der,ein fem-seks i talet, var sikkert trivelege. Det var ikkje det. Men ingen kunne anklage dei for å vera språkmektige.

Akkurat i det same gjekk døra opp, og inn kom det tre nye gjestar. Vi både såg og høyrde at dei måtte vera amerikanarar. Ingrid venta knapt nok til dei hadde sett seg ned.

””May I sit here and talk to you? I love to speak english”

“Sure”. Dei såg litt forbausa ut, men eg skjønte med ein gong at dei likte henne.

Det var eit eldre ektepar som hadde med seg ei som kunne vera dotter deira.

etterkvart kom eg og bortåt dei, og vi fekk ein triveleg kveld saman med Shirley og Art frå Maine nord for Boston, og dotter deira, Jill, som budde i Florida.

Da vi skildes, utveksla vi adresser og e-mail. Sjøl om Art og Shirley var over 70 år gamle, var dei ivrige brukarar av Pcen, og Ingrid skreiv til dei kvar veke.

Ho skreiv og til barnebarnet deira, og ein dag på ettervinteren kom det ein mail. Kkunne dei få kome å besøke oss i Oslo?

Klart at dei kunne, og i slutten av mai kom dei til oss. Vi hadde ei lita veke med nokre trivelege stunder saman.

Vi prata om mangt og mykje, om anna om uttrykket ”the american dream”. Det  var da eg plutseleg kom på historia om Jørgine Slettede, husmannsjenta frå Bøverdalen. Ho som reiste til USA for snart hundre år sidan som ungjente saman med syster si.  Og som var frå same staden som eg voks opp på sekstitalet.

Ho som etterkvart gifta seg med mannen som eigde Waldorf Astoria, som på den tida var det største og kanskje finaste hotell i verda.

Ho som menga seg med prinsar og presidentar og anna fintfolk. Hvis ”the american dream” var som dei sa, å koma frå tronge kår og få meir enn nok pengar mellom hendene, måtte vel ho vera eit godt eksempel på denne drømmen.

Medan eg fortalde om mrs. Boomer, vart eg vâr at dei var meir enn normalt interesserte.

Det var da det kom for ein dag at deira ekssvigerson arbeidde for ei rik enke som heitte mrs Boomer. Og som eigde ei leilegheit på Waldorf Astoria.

Her var det høgst sannsynleg ein samanhang.

På leit etter familien Boomer

 

Det var her leitinga etter familien Boomer starta. Ekteparet frå Maine, som var så utrulege snille og visste ikkje det beste dei kunne gjera for oss, vart om mogleg enda meir oppglødde enn eg.

Vi nordmenn er vant til spørsmålet; ”kjenner du den og den personen”?, anten det er ein frå heimstaden din, eller ein med same utdanning som du, eller kanskje spørsmålet har samband med etternavnet ditt.

Eg trur vel at hvis to nordmenn som ikkje kjenner einannan frå før, møtest langt frå heime, vil dei alltids finna nokon felles kjent, nær eller fjern.

Slik er det ikkje med amerikanarar. Til det er forholda alt for store. Så for Shirley og Art, var dette noko nytt. Dei kunne ikkje tru det. Eg lova at eg skulle finne ut meir på mi side, så skulle dei finne meir på si.

Det var ikkje mykje eg visste om mrs Boomer, som vi kalla henne då eg voks opp. Eg hugsa at ho var i Lom om sommarane. Eg har eit minne av ei dame som kom inn på butikken. Ho nesten sprang inn med ei kraft og styrke som vi ikkje var vande med, ikkje eingong frå turistane. Det vart stilt rundt henne, der ho, med ei amerikansk veninne på slep, kom inn i butikken og meir ropte enn snakka, på engelsk.

Men det eg hugsa best, var han som sto att ute. Han var det vi den gongen kalla neger, no farga. Og han var faktisk den første levande negeren eg såg!

Og ho var ei dame som alle hadde høyrt om, den rike frua frå Amerika som hadde gifta seg, ikkje berre ein, men to gongar med millionærar.

Og så visste eg at ho hadde skyldfolk i Bøverdalen.

To telefonar, ein til Marit Horten i Lom, og ein til Marit Slettede i Bøverdalen, hjalp meg til å finne ut meir.

Dei kunne fortelja at Jørgine hadde ein som George, og ei dotter som heitte Bonita. Om dei hadde nokon etter seg, eller om dei levde, det var det ingen av dei som visste..

Ingen hadde noko adresse, eller kontakt med dei lenger, det var gått for mange år.

Eg visste at det fanst ei bok om Jørgine, ei bok av Arvid Møller. Den var ikkje lett å få tak i, men tilslutt fann eg ho på Damms antikvariat i Oslo.

Den fortalde at Jørgine og systera Mari reiste frå Bøverdalen til USA i mai 1903. da var dei 15 og 18 år gamle. Jørgine var yngst.

Dei hadde fått eit brev frå onkelen sin i Minnesota året før dei reiste. Han kunne fortelje at i Amerika var det ikkje forskjell på fattig og rik, og godt om arbeid. Ikkje nok med det, betalinga var også mykje betre enn heime. Han hadde sjøl slått seg opp som farmar, med over 20 mjølkekyr på båsen. Han skreiv om husmannssøner som no hadde gardar som var fleire gonger større enn dei største gardane i bygdene dei kom frå.

Viss jentene ville koma, skulle han sende dei penger til billetten. Det ville jentene, og dei fekk eit brev med dollarsetlar attende.

Reisa til Amerika

Dei to, som ikkje hadde vore lenger enn til sentrum i Lom, som låg 15 kilometer frå heimstaden deira, starta reisa til Amerika ein maidag i 1903. Dei gjekk på føtene den fyrste dagen, og seint på kvelden kom dei til Vågå. Neste dag fekk dei hesteskyss til Otta. Frå her tok dei toget til Oslo, og i Oslo venta  båten som tok dei til  Bergen.

I Bergen segla dei vidare vestover til Hull i England. Frå Hull tok det sju timar med tog til Liverpool. Her måtte dei gjennom helsekontrollen før dei kunne gå ombord i skipet ”Cedric” som brukte 10 dagar over Atlanteren til Ellis Island utanfor New York.

Etter å ha gått gjennom helsekontrollen, tok dei ferga til Manhattan og kom seg til togstasjonen. Herfra hadde dei billett. Det hadde onkelen sendt dei før dei drog frå heime. Nokre folk frå ein organisasjon som kalla seg ”Travellers aid” hjalp søstrene og telegraferte til sine kollegar i Chicago om når jentene skulle koma. Da dei kom dit, vart  dei møtt av ein representant for det same selskapet. Han tok dei to ungjentene til den andre togstasjonen i Chicago, den stasjonen der  toget til Minnesota gjekk frå.

Livet i Amerika kunne starte.

Jørgine vart etterkvart sjukepleiar. Ho var ei flink jente, og fekk stipend til å studere. Syster hennar, Mari, døydde av nervefeber det fyste året dei var der, så da vart ho aleine. Men ho hadde onkelen og fleire andre slektningar.

Ho hadde bestemt seg for at ho ville bli doktor. Ho starta på sjukepleiarutdanninga med sikte på å bli doktor etterpå. På skulen trefte ho ein mann som heitte  Richard Sloane. Han var kirurg, og lærar for sjukepleiarelevene. Bortsett frå at han var kirurg, var det ingen som i ettertid har fått greie på kven han var. Det som er sikkert, er at han var rik. Han var seks år eldre enn henne, og dei gifta seg i oktober i 1914. Familien hans  hadde visstnok interesser i General Motors. Det var der dei hadde pengane sine frå.

Jørgine og han var kjende i tre år, og gift i eit halvt år, før han døydde. Dei fekk ingen barn.

Jørgine var no 28 år, og ei velhavande enke. Ho fekk seg ei leilegheit på Manhattan i New York. Ho vanka blant sosieteten i den store verdsmetropolen. Ho var ei pen dame, og vekte oppsikt der ho kom. Ein av dei som vanka i det same miljøet som henne, var Lucius Boomer.

Han vart direktør ved Plaza hotell i New York berre 29 år gamal i 1907. Han vart etterkvart kjend som ein framifrå hotellmann som lukkast i alt han gjorde. General og tidlegare senator Coleman du Pont merka seg dette.

”Eg vil kjøpe Waldorf Astoria viss du vil drive det”, sa han til Boomer, som takka ja.

Boomer kom frå ein vanleg familie, men etterkvart slo han seg opp og vart ein forretningsmann av rang. Han vart medeigar i fleire store hotell og restauranter, og vart ein svært rik mann.

Jørgine Slettede og Lucius Boomer gifta seg den 11 desember i 1920.

I 1921 fekk dei sonen George. Av ein eller annan ukjent grunn, kunne dei ikkje få fleire barn, og dei adopterte ei jente Bonita. Ho var foreldrelaus.

Da Bonita var tre år gamal, fekk ho hjernehinnebetennelse. Legen meinte at ho ikkje ville overleve dette, men Jørgine ba natt og dag for jenta si. Ho ba saman med ei ho kjente frå den tida ho gjekk i sjukepleien, Florence Richardson. Jenta vart bra.

Florence Richardson var medlem I lei sekt som heiter “Christian Science Association”.

For Jørgine vart denne sekta viktig etter dette, den kom til å dominera resten av livet hennar.

Familien flytta inn i 37 etasje på Waldorf Astoria. På hotellet var det gjester både av kongeleg rang, det var kjente politikarar og allslags celebritetar. Hotellet hadde eige jernbane i kjellaren, og derfor kunne dei koma diskret inn på hotellet og sleppe unna alle journalister. Jørgine omgjekk dei alle. Ho var mykje saman med blant anna vår eigen kongefamilie då dei budde i USA under andre verdenskrig.

Mannen hennar døydde i 1947.

Ho overtok ansvaret etter han. Nå var det hio som eigde det berømte hotellet.

Boka om Jørgine fortel mest om kven ho kjende og alt ho eigde, men ikkje så mykje om kven ho var eller kva ho tenkte.

Men ho var kjent for ikkje å sleppe nokon innpå seg.  Det ber nok boka preg av.

Ho døydde den 7. mai i 1971.

Det  var det eg visste om henne.

På internet fann eg ut at ho var nemd i som eigar av fleire hus rundt i USA.

Eg fann og ein nekrolog over sonen hennar, George. Han budde i Florida da han døydde i 2001.

Han etterlet seg ei dotter på Manhattan, Jorgine og ein son John, i Maine.

Enka der våre veners ekssvigerson arbeidde, var nok kone nummer tre. Han var iallefall gift for tredje gong da han døydde.

Telefonnummeret til Jorgine fann eg på utanlandsopplysninga, men John Boomer i Maine var  vansklegare. Det kunne vera fleire.

Det budde ingen Jorgine på det nummeret eg ringde i New York.

Eg prata både med Marit Horten og Marit Slettede før eg for. Eg fekk opplysningar som bekrefta det eg hadde funne ut, men dei kjente heller ikkje til kvar slektningane deira var no.

Haustferien kom.

Vi skulle til New York og Maine. Og vi leigde oss inn på Waldorf Astoria. Eit firemannsrom her var dyrt, men overkommeleg. Det  er uansett dyrt å bu på hotell på Manhattan. Vi unte oss to netter der før vi leigde oss ein bil og sette kursen mot Maine og venane våre der.

Hotellet var flott. Det var minst like fint som eg hadde trudd. Og det bydde på fleire overraskingar.

Som butikkane i fyrste etasje. Det var butikkar rundt resepsjonen som blant anna selde armband for 250000 kroner, to komma fem millioner. Eg trudde at eg hadde lese feil. Det var da mannen bak disken såg på halsbandet mitt  og sa;

”What a beautiful necklace”.

Så fint eit halskjede, sa han som hadde som jobb å selge armband som du kunne kjøpe deg ei leilighet i Oslo, eller to hus i Lom, for.

Og han arbeidde i hotellet der husmannsjenta frå Lom hadde vore sjef eit halvt århundre før.

Han skulle berre visst at det var kjøpt på ein kortur til Odense for 200 danske kroner.

Eller morgonen etter at vi kom. Eg sat i resepsjonen og såg på folk.

”Her må det vera varmt ute”, tenkte eg. Alle var kledd i shorts og T-skjorte.

Og så hadde dei berre vore ute og jogga i Central Park!

Og så var det Ingrid da, ho blir alltid kjent med folk. I resepsjonen sto det eit flygel som sjølvaste Cole Porter hadde eigd. Han hadde budd på hotellet i fleire år.

Ingrid vart kjent med jazzpianisten og songerinna som spelte der kvar torsdag. Og ei venninne av henne, ei stor og brei bluessangerinne godt opp i sekstiåra med det misvisande navnet Baby Jane. Ho fekk signerte CDar av kvar av dei to damene.

Så gjekk turen til Maine og gjenvisitt til Shirley og Art.

Gjensynet var triveleg, og vi vart mottekne på beste måte. Dei budde i eit hus heilt nede ved sjøkanen, Atlanteren sto rett inn. Tåka kom og gjekk, og været skifta med ein fart som eg aldri har sett maken til. Men fargane var det same, duse og vare som på ein akvarell. Og lufta var full av vassdråpar, ei fukt som la seg overalt og gjorde at du kjende lufta som la seg på huda, varm eller kald. Ingrid som har krølla hår, fekk krus. Vi andre med fall, fekk krøller.

Det var ei lita bygd der alle kjente alle, og andre dagen vi var der, hadde dei bedt heile bygda heim til ære for oss. Ein velkomstfest slik at vi skulle bli kjent med venane deira.

Og dei hadde spora opp og fått tak i John Boomer, Jørgine sitt barnebarn.

Han budde nord i staten og ville koma.

Alle i grannelaget kunne koma, med unnatak av ein. Han hadde ringt og takka for invitasjonen, men han skulle besøke sonen sin, og kunne desverre ikkje koma.

Han hadde to sonar. Kven av sonane han skulle besøke, sa han ikkje noko om. Han  hadde ein i Washington og ein i Florida. Men resten av bygda kom, unge og gamle. Heile huset fylte seg opp.

Og  John Boomer kom. Han var ein triveleg kar. Han var beskjeden til amerikanar å vera. Kanskje det var nordmannen i han.

Han budde på ei øy og dreiv med bedriftsrådgjeving. Han budde aleine.

Syster hans, Jorgine, var død for to år sidan. Ho hadde vore plaga lange, og hadde nok ikkje hatt det så lett.

Ellers var det liten kontakt med han og stemora. Tanta hans var død 10 år tidlegare, så han var den einaste som var att etter Jørgine frå Lom.

Eg hadde med meg boka om bestemor hans, og oversette ein del av det som sto der. Han fortalde om bestemora som tok dei med på julebord. Eg fekk inntrykk av at ho var ei bestemt dame.

Kvelden gjekk altfor fort, og det var mange spørsmål eg ikkje fekk stilt.

Men det byr seg vel eit anna høve.

Dagen etter køyrde vi rundt i Staten Maine. Det er mykje skog og fjell der, og den liknar på landet vårt. Vi køyrde og til eit digert hus ved ein innsjø langt inne i ein stor skog. Her skulle Jørgine ha bygd eit hus som svigerdottera eigde.

Arthur spurte seg for på posthuset. Dei kunne fortelja at mrs Boomer var  i Sør-Afrika, og var ikkje ventande heim før neste veke. Vi køyrde etter eit kart som dama på posten hadde teikna, og  etter ei stund låg det der, eit enormt hus nede ved sjøen, med skiltet ”Boomerhaven” i oppkjørselen. Det låg vakkert til. Dei einaste som var heime var to gartnerane og ein eit par andre menn som arbeidde for frua som var i Afrika. Ingrid var ute av bilen før vi stoppa, og fekk gå rundt på eigendommen og ta bilder. Det var litt av ein eigendom!

Resten av dagane gjekk fort, og før vi visste ordet av det, var siste dagen kome. Vi måtte ta farvel med dei gode venane våre, men det blir nok ikkje siste gong vi ser dei.

Og vi trefte aldri naboen som ikkje kunne koma. Vi fekk heller ikkje greie på kven av sønene han skulle reise til. Om det var guvernøren i Florida eller presidenten i USA, nei det veit eg ikkje den dag i dag.

Men det et veit, er at slik gjekk det til at flygeledarane i Røyken utan å veta det, gjorde at vi vart kjent med Arthur og Shirley, to sangerinnar, Jørgine sitt barnebarn og vi vart nesten kjent med George Bush senior og hans Barbara! Men eg har vel aldri vore så begeistra for han, så det var ikkje så farleg!

Her er invitasjonen;

George Bush

Jørgine kom frå Lom og menga seg med amerikanske presidentar. Vi kom ikkje så langt, men det var nære på! Så der slutta turen, og kanskje ho Jørgine står bakom og tenker at verda tross alt ikkje er så stor.

Det var iallefall min tanke, og det er derfor eg vil dele denne historien med akkurat deg som les dette no.

Takk for at du var med heile vegen.

Reklamer
Dette innlegget ble publisert i Historier. Bokmerk permalenken.

2 svar til Fra virkeligheten

  1. Jakob Rones sier:

    Hvorfor har vi ikke hørt hele denne historia før, veldig interessant.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

w

Kobler til %s